Das Body

Rett før Madrugada går på scena fredagen, skal me gjennom noko intenst og rått. Noko dampande heitt. Det er vilt sensuelt. Nærast taktilt. Og om det framleis er att noko berøringsangst, så bles dei den til Blokksberg. Sødme møter mørke. Elektrisk møter organisk. Du møter Das Body. Me møter ekstase! Das Body er akutt forførerisk, og set oss på sporet av ei ny tid. Og, Ellie Linden er landets klart råaste frontfigur.