Gabrielle

Endeleg kjem Gabrielle til Festidalen, og det i sitt livs beste form! Sidan den markante debutsingelen «Ring meg» i 2011 har hennar eksplosive pop skapt stemning og fest landet rundt. Gabrielle har brukt pandemitida godt. Med dei siste platene «Snart, Gabby» og «KLIPP MEG I TI OG LIM MEG SAMMEN» vender ho blikket i større grad mot R & B, noko som sukrar katalogen hennar til ei særs innbydande kaka. Ho har sidan starten vore ein hitmaskin som har kapra øyrer og hjarter med t.d. «5 fine frøkner», «Bordet», «Regn fra blå himmel», og no med ferske «eg ser deg» og «Neil Young». Med seg har ho tonnevis med scene-stæsj for å fyra av tidenes laurdagsshow på Festidalen. 2022 vert året då lydbilete i dette landet vert totalt Gabbyfisert.