Framtida kjem til Festidalen! Han Herman er duden å følgja med på. Harry Styles møter Ed Sheeran.
Han Herman er eit ganske nytt stjerneskot på den norske scena. Med ein smekker liten låtkatalog med noko av det finaste som er komen ut av norsk pop dei siste åra har Han Herman fått speletid på både Vill Vill Vest og By:larm såvel som P3 og Lindmo. Me har sett lyset og er såpass betatt at me berre må visa han fram for andre.