Izabell + Kriminell kunst

At Kriminell kunst kjem tilbake er ei sann glede. Og no med Izabell! Ja, ho som vart kåra til nasjonens beste kvinnelege rappar. Ja, ho som var med på «Attitudeproblem» med ein bønsj andre sterke kjendisdamer. Og no er ho her med gledespreiarane i Kriminell kunst. Ein veit ikkje kva fest er før ein har opplevd denne gjengen. I november slapp dei låten «Bella Ciao,» med ein musikkvideo som manglar sidestykke. Den MÅ sjekkast ut!