Sondre Lerche

I april turnerar han Europa, i mai USA. Til sommaren er han attende med sitt faste band, og headliner blant anna Bergenfest og Øya. Og så opnar han sjølvsagt årets utgåve av Festidalen.

Dét kunne ikkje skjedd på eit betre tidspunkt. For berre dagar sidan gav Sondre Lerche ut sitt beste album nokon gong. Avatars of Love syner den enorme krafta som ligg i karen, og han noterer seg for eit karrierebeste få kan matcha han på.

Sondre Lerche har spelt på store tv-show som Letterman og Conan. Turnert med store stjerner, og hatt adresse NY. Lerche har lenge vore ein nasjonal skatt, men han har også ein stor internasjonal karriere.

Alltid allsidig og utforskande. Uredd og leikande. Og no skal me boltra oss i hans leikegrind. Fredagen startar med Sondre og sluttar med Madrugada. Makalaust. Billettsalet går som aldri før!