Torgeir Waldemar

Hjartesmeltaren Torgeir Waldemar er ein av nasjonens mest kritikarroste artistar. Musikken spenner frå rock og vise, til folk og gyngande countryrock. Det er alltid nært, ærleg og fullt av nerve. Tekstane er sterke. I ei tid der murar vert reist og hat vert spredd, meiner han sjølvsagt at kjærleik er svaret. Siste plata «Love» speglar dette på framifrå vis. Til Festidalen kjem Torgeir Waldemar med fullt band for maks trøkk.