Eit lass med feite artistar er på veg mot Kvinnherad. På vogna sit allereie Susanne Sundfør, Stein Torleif Bjella, Miss Tati og The Mormones. Fira nye artistar hiv seg på no. Timbuktu & Damn!(S), Vånna Inget(S), Slutface og Hear me Roar. Berre formalitetar gjennstår før dei tre siste banda hopper på. Sommaren kan komma. Billettsalet går bananas!
Timbuktu & Damn!:
Endelig kjem Timbuktu til gards! Ein av Skandinavias største artistar og stemningsspreiar dreg med seg band og kjærleik til Festidalen. Å beskriva musikken verkar lite naudsynt. Dei fleste er kjende med Timbuktu sin hiphop med inspirasjon frå Jamaica, Vest-Afrika og folkemusikk. Duden har vunne eit traktorlass med Grammis- og P3 Gild- prisar. Timbuktu er sterkt politisk engasjert, ein samfunnsdebatant, ein populær radio-dj og rett og slett kulare enn du og eg. At han har vunne Nordisk Råds språkpris viser at slektskapet til Festidalen som nyleg vann Målblomen 2016, er tett som tåke. Blunkesmilefjes. Timbuktu er singelaktuell i desse dagar. ”Alla vill till himmelen men ingen vill dö” og ”Det løser sej” er snurra millionvis av gonger, og beste versjonen får du i Uskedalen!
Vånna Inget:
Oioioi. Gjennom tollen kjem nok ein herleg bønsj svenskar med olme planar. Malmø sitt store punkhåp kjem for å kreva sin plass her oppe på denne oljestinkande knausen kalla Noreg. Og det får dei! Vånna Inget har grove der dei står og tatt vare på det som er unikt med musikken. Ein kollisjon mellom punknerver og melodisk sensibilitet. Med mål om å få klaustrofobiske tema om innstendighet og desperasjon til å kjennas oppløftande og frigjerande. Ebba Grøn møter Blondie! Karolina Engdahls intense vokal vil ljoma mellom uskedalsfjella til snøen kjem. Minst. Sjekk ut ”Allvar”, ”Kungar” og til dømes ”Krockade Bilar”.
Slutface:
Nam! Slutface er ein vestnorsk middagstallerken fylt av snadder. Dette er skiten, indieskranglete pop-rock med vilter og ustyrleg attitude. Ei makalaus energibombe. Og det er dansbart som bare juling! Som liveband har dei alt vist både Øya- og Slottsfjellpublikummet kven som er dei nye sjefane på den norske scena. Dei vert snurra heftig på radio og frekventerer dei viktigaste scenane i landet. Hiv innpå noko kraftfôr før Slutface går på. For her skal det dansast! Varm opp med ”Angst”, ”Kill’em With Kindness” og ”Shave My Head”.
Hear me Roar:
Årets Vestlandssatsing vart fantastiske Hear Me Roar frå Stavanger. Den overbevisande og tåredryppande konserten dei leverte under bransjetreffet 100dagar på Stord resulterte i ikkje mindre enn 13 festivaljobbar for bandet. Låtmaterialet er nært, kjenslevart, varmt og melankolsk. Roar Kopperstad og det særs begåva bandet hans gjer på ingen som helst måte skam på referansane nytta om gjengen; Ryan Adams, Tom Petty, Tallest Man On Earth, Neil Young, Jeff Buckley og Bruce Springsteen. Høyr deg opp med ”Someone as Beautiful as You”, ”A Brand New Day” og ”Build it High”.