Lambasleppet samarbeidar med musikkorganisasjonen BRAK om å få unge lovande artistar opp og fram. Vi er derfor både kry og stolt over at Brak riggar til Bransjeprat. I teltet i båthavna stiller dei med Miss Tati og Sverre Vik til uformell samtale om musikkbransjen.
Miss Tati har gått vegen fram til artist som i dag vert booka til feite festivalscenar. Ho står på Festidalen si hovudscene seinare på kvelden.
Sverre Vik er grunnleggar av plateselskapet TIK og er frampå når det gjeld å scoute etter lovende artister i regionen. TIK ynskjer å være eit label som gir lovande og uetablerte band ein sjanse. Det heile vert leia av Jørgen Avsnes frå BRAK
Til alle som er nysgjerrige på musikkbransjen ynskjer vi velkommen til Bransjeprat i teltet i Båthavna Fredag ettermiddag 16.30 – 17.30
Vi snakkast!