LAMBASLEPPET

Det starta med ein ide – ein visjon. Visjonen vart ført vidare, jobba med, den vart gitt næring og kjærleik. Etterkvart fekk den også pulserande blod i årene, den vart tilsett lidenskap og sjel. Den fekk kjøpt  på beinet. Og veit du kva? Den blei vakker!

Lambasleppet – Festidalen si regionale ungdsomssatsing. Me var überstolte av å visa fram konseptet og artistar i 2015, for fyrste gang.
Assosiasjonane til scenenamnet er mogleg blodferske lam, men dei artistane vi søker og vil visa fram er meir på nivå med sauene som blir slept på jorder seinare. Lambasleppet skal vera med å visa kva regionen vår, Sunnhordland og Hardanger, har å vera stolt over. Festidalen ynskjer å vera med å løfte dei opp og å vise dei fram.

Ved å delta får du visa deg fram til nøkkelpersonar i musikkbransjen på Vestlandet.

I 2019 er Lambasleppet eit samarbeid mellom Festidalen og OmStock.