Lambasleppet flottar seg med flunka nye krøller! Og stiller med meir kjøt på beinet enn nokon gong. Ungdommen skal opp og fram.

Sidan 2015 har frivillige krefter i Festidalen bygd opp og utvikla konseptet Lambasleppet. Dette har blitt ei viktig kultursatsing for lokal og regional ungdom med musikardraumar. Unge sjeler med talent, guts og skaparevner vert via ei proff utescene med stort publikum. Premiar som stipend, studiotid og spelejobb på bransjefestival gir artistane ei unik mogelegheit for å korta vegen mot artistlivet. Og no einast dei vennskapelege kreftene bak OmStock og Festidalen for å gi konseptet ei enda breiare plattform.

For publikum og artistar betyr det at arrangementet legg seg til fredagen under OmStock. På ei ny scene på Husnes. Gratis, og ope for alle. Det femte Lambasleppet rullar fram under parolar om samhald og kjærleik. Og fredag 7.juni, frå kl 17 til 19, står det klart for folk og fe.

Gira på å stå på denne scena? Skal du bli ein slags kvinnhersk Eminem, Cardi B, Ozzy eller Robyn kanskje? Informasjon og søknad for deltaking blir frå mandag av skubba ut på SoMe-plattformane til OmStock, Festidalen og Lambasleppet.