Festitaren blir tradisjon, og no er det tredje året på rad det vert arrangert. Marianne Korlsvold er ny Festitaren general, men konseptet vert det same. Møt opp for konkurranse, lått og løye.
På tredje året set me i gong folkefest i båthamna, med kjekke aktivitetar og Festitaren. I år er det sjølvaste fjorårets vinnar som står i bresjen for Festitaren. Den personlege trenaren og tidlegare festitarenvinnaren Marianne Korsvold, har eit team med gode damer rundt seg.
Me er spente i år for å sjå om dei spreke festitaren deltakarane kan bryte seiersrekka til damene, for av ein eller anna grunn er det damene som har festa grepet om denne konkurransen. I 2014 var det Tone Lillesletten som gjekk seirande ut av det, og i fjor var det Marianne som vann, og særskild var det øvinga med planken Marianne utklassa konkurrentane sine.
I år lovar Festitaren underhaldning på likt vis som føregåande år, nokre endringar i øvingar og ikkje minst deltakarar i særklasse. Med seg på laget har dei blant anna sjølvaste Peder bakar, eller ordførar som han og er. I tillegg har dei med seg utøvarar av både den kjende og ukjende sorten. I frå austlandet kjem fråflytta kvinnhering Lene Mehl. Lene har blant anna vore keeper på Kolbotn, og har solid keepererfaring i frå øverste divisjonen i fotball.
Stor spenning vert det og knytta til Anders Totland; allsidig musikar, blafyk og forfattar. Ein skal ikkje undervurdere den fysiske forma, for Anders spring til fjells kvar dag og har delteke på halvmaraton, med solid gjennomføring. Kan han og Peder konke ut damene?
Kven som vinn er kanskje ikkje så relevant for alle; det kjekkaste er å delta og det Festitaren kan love er god underhaldning for både store og små festivaldeltakarar. Kom og sjå!