Stikke innom festivalkontoret vårt i Gamleskulen. Her kan du få deg ein kopp kaffi, veksle inn billetten din i armband, kjøpe festivalstæsj, lytte til god musikk eller delta i djupe samtalar om tema/motiv i Timbuktu sine tekstar. Du kan også delta i Festidalen si sagnomsuste bamseklem-tevling; denne årlege og verdskjende tevlinga har i fleire år hatt status som offisielt verdsmeisterskap, og du er hjarteleg velkomen til å delta. Reglane er enkle.
Opningstider:
Onsdag: 15.00- 18.00
Torsdag: 13.00 – 18.00
Fredag: 13.00 – 17.00
Laurdag: 12.00 – 16.00