6.august går turen til Geitadalstind, 1213 m.o.h. Turen startar i Uskedalen kor me kan sjå tinden ruve over oss.Start laurdag morgon kl 9. frå ungdomshuset Helgheim. Geitadalstinden er ein alpin fjelltopp, og denne ruta kan verka litt utfordrande for dei som ikkje likar høgder. Siste del av oppstiginga er bratt og luftig, gjerne kalla Mini-Besseggen. Her går det ei alternativ rute til høgre som er meir skjerma. Frå toppen av Geitadalstind er det storslagen utsikt i alle retningar. Ein kan nyta landskapet frå isbre til ope hav. Nordover kan ein sjå bergensfjella, som t.d. Ulriken. Vågar ein seg ut på kanten, kan synet nesten ta pusten frå ein. Ei flott oppleving, om ein er på festival eller ikkje. Deltakarane må vera vane med å gå i fjellet, ha gode fjellsko og vera kledde for tur over 1200 m.o.h. Vi brukar 3 timar opp og 2,5 timar ned igjen.

Søndag 7.august blir det tur til Skorpefjellet. Vi startar kl 10 frå «Sandakaien» Frå Uskedalen tek me båt over til Skorpo. Me går gjennom frodig natur, forbi ”Tunet i det blå” til toppen av Skorpefjellet på 234 m.o.h. Frå toppen har ein flott utsikt over festivalbygda Uskedalen, og toppen er også kjend for å ha utsikt til heile sju kyrkjesokn. Må ha påmelding for å planleggja båtskyssen. Påmelding seinast laurdag ettermiddag kl 17.