Føredragskroa følgjer atter med i vår tid sine viktige problemstillingar. I år tilbyr me ei spenstig spennvidde i tematikk, berre for at du skal verta oppdatert på aktuelle politiske, kulturelle og sosiale kjennemerkje. Me rører oss frå det nære i vår region, til det globale. Kroa vil garantert gje deg eit godt grunnlag for å hengje med i dei fleste intellektuelle samtalane under Festidalen-helga og Urix-sendingane på NRK2 utover hausten.
Torsdag 4. august og laurdag 6. august vil seks dyktige og lidenskapelege forskarar gje djupe analyser, overraskande konklusjonar, provosera og by på all sin kunnskapsrikdom og forsking frå føredragsstolen i Helgheim.
Svein Ivar Angell (UiB) startar torsdag 4. august med ei skildring om regionen Hardangar, ikkje som ein geografisk eining, men som ein merkjevare. Formålet er å nytta merkjevaren for å fremje Hardanger sitt omdømme, såkalla glokalisering – det lokale i det globale. Han vil drøfte korleis merkjevaren Hardanger har vorte til, korleis og på kva måte historia til regionen har vorte nytta for å byggje og fremja merkjevaren.
5. august tennast OL-elden i Rio i Brasil. Føredragskroa vil gje den usminka forteljinga om OL i Rio, som ein ikkje får sjå frå dei spektakulære TV-bileta. For å gjere det vil Vidar Fagerheim Kalsås (UiA) ta oss med til gatene i Rio. Han vil diskutera korleis Rio vert presentert i media og freista nyansera mediebilete. Anne Kjersti Bjørn (NiBR) kjem til Uskedalen, frå Athen og Montreal for å syna si dokumentarfilm. Dokumentarfilmen tek for seg OL i Rio si dystre bakside, kor verdigrunnlaget til dei Olympiske leikane er fråverande i møte med korrupsjon og tvangsflytting i tilknyting til utbygging av dei gigantiske idrettsanlegga. Torstein Monsen har samtale med Anne Kjersti og Vidar etter filmen med ei laus og uformell samtale, kor terskelen for spørsmål frå salen er svært låg.
Laurdag startar me med lokalhistorie. Nils Kolle (UiB) vil servera oss ein forteljinga om silda og kva rolle ho spelte for næringsutvikling i Kvinnherad og Sunnhordaland. Han vil ta oss med heilt attende til midten av 1700-talet og følgje sildebestande til ho braut saman i 1960-åra. Samanbrotet bana veg for aluminiumsverket på Husnes, og ny industrihistorie i Kvinnherad.
Det har vorte mykje politikk og makt i mat. Thor Øivind Jensen (UiB) vil diskutera saman med oss kor mykje ansvar og politikk me legg vekt på når me kjøpar mat til fredagskosen samen med familie og vener. Eit herleg og lettbeint føredrag med følgjande ingrediensar: nyting av mat, i spedd politikk og kultur.
Ikkje ein føredragskro utan eit innslag av klimadebatt! Nærast kvar dag kan ein lesa overskrifter i aviser, internett og nyhendesendingar om været i framtida. Katherine Duarte (UiB) vil i sitt føredrag diskutera korleis norsk media skriv om klimaendringar og korleis journalistar tolkar kompleks klimaforsking. Utgangspunktet for føredraget er definitivt ikkje småtteri, for me startar med den såkalla Climategate-saken frå 2009, kor ei forskingsinstitusjon haldt attende vitskapelege artiklar med avvikande standpunkt til klimaendringar.