Festidalen elskar goodtimes og hadde det våre opp til oss så hadde det ikkje våre anna enn goodtimes og kjærleik kvar dag , heile året. Men slik er det ikkje alltid.
Festidalen har i år, saman med 10 fantastiske frisørar i kommunen sett opp Frisøridalen. Frisøridalen er vår eigen frisørsalong som du finn laurdag 6.august på festivaljordet frå klokka 16:00 – 20:00.
Her kan den glade festivalgjengaren ta turen innom for å få den ulitimate festivalfrisyren. Ei kul flette, rosa hårtuppar eller flotte krøller, you name it!
Det er opp til kvar og ein kor mykje ein vil betale, minstebeløp 100 kroner.
Det finaste med det heile er at alle inntekter går til Kreftforeningen.
Vi lovar topp steming og mykje goodtimes!
Tusen takk til
Bodil på Karma Frisør,
Hilde og Kjersti på Husnes Frisør,
Klara, Ann-Christin, Cherry Mae og Camilla Helen på Zjakk Frisørsalong,
Cathrine og Monica på Harmoni Frisørsalong og
Viviann Hansen Bøe
Vi digger dykk. #kjærleik
Vi kan ikkje anna sei at vi gler oss til Festidalen, og til å sjå mange nypynta folk på jordet i Uskedalen.