Livets underlege koreografi trekk altså festidalenpublikummet ut i ein ny dans med Highasakite. I 2012 var det i nysgjerrigheten og nyforelskelsen sitt namn. Denne gang er det reine bryllupsvalsen. I mellomtida har bandet reist i livet. Vakse brutalt. Løfta seg til svimlande høgder. Då er det sjølvsagt på høg tid at dei svevar vår veg. Denne natta kjem ingen til å gløyma.

Endeleg er Highasakite klar for turné igjen, endeleg strør dei rundt seg med nye låtar, og endeleg kjem dei tilbake til Festidalen! Første bandslepp for Festidalen 2019 er eit faktum. «Golden Ticket», «Lover, Where Do You Live?», «Samurai Swords» og det gedigne tankskipet med hits klappar til kai denne junidagen.

Til sommaren er det sju år sidan Highasakite sto på Festidalenscena. Dette var før deira store gjennombrot, og ein av deira første festivaljobbar. Det var lyst, og scena var spartansk rigga. Men då som no, var musikken ut av ei anna verd! Til sommaren spelar dei i nattestimane, og scena vert rigga med feite effektar. Og me er rigga for fest og feel-good!

1.februar slepp Highasakite sitt fjerde album, «Uranium Heart». Dei fira første singlane er alt slept, og har toppa radiolistene i vekevis. Highasakite har alt millionar av streams, og vert løfta fram i alle settingar. Tv-shows, filmmusikk, Nobelkonserten. Det tyt prisar ut av øra deira. Alt dette er lett å forstå når du opplever Ingrid Helene Håvik og resten av gjengen live. Massivt og majestetisk. Elegant og effektivt. Deilig og dansbart!