Det du vil vite

Opningstider

Jordet opnar til følgande tider:

Fredag kl 17.00

Laurdag kl 16.00

Sal av alkoholhaldig drykk stansar kl 01.00.

Det går buss heim frå Uskedalen sentrum, sjekk meir informasjon om det her. 

Festivalkontor

Vi tilrår å stikke innom festivalkontoret vårt i Gamleskulen.

Her kan du få deg ein kopp kaffi og veksle inn billetten til band. Då slepp du kø i inngangen. Just sayin.

Du kan berre veksle inn din eigen billett til armband. Besto må ordne sin eigen.

Opningstider:

Torsdag: 12 – 18

Fredag:    11 – 16

Laurdag:  11 – 15

Tryggleik

Festidalen sin beredskapstelefon har nummer 991 55 425.
Røde Kors er til stades på festivalen, dei held til i eit eige telt til høgre for scena.

 

Det er legitimasjonsplikt ved alle våre serveringsstadar som sel alkohol. Bankkort med bilete, førarkort eller pass vert akseptert som godkjend legitimasjon. Bruk av falsk legitimasjon vil bli meld til politiet

Dette ber med deg om å legge igjen heime:

  • Alle former for flasker

  • Mat og drikke

  • Spesielt brannfarlege væsker eller gjenstandar

  • Paraplyar 

  • Campingutstyr

  • Profesjonelt kamera- og videoutstyr

  • Selfiestang eller liknande

  • Dyr

Tilgjenge


Me prøver så godt det let seg gjere å vera ein festival for alle.
Har du nokre spørsmål kan du ta kontakt med oss på post@festidalen.no

Alle som har følgepersonbevis, kan få med seg eit følge på festivalen. Følgepersonen må akkrediterast på førehand, og hentar armbandet til festivalen anten på forhånd i gamleskulen i Uskedalen eller ved inngangen. Personen med følgepersonbevis må vera med når ledsageren hentar armbandet sitt.

Akkreditering gjer du her.




Under 18

Festidalen har inga aldersgrense. Mindreårige slepp inn i fylgje med verje. Verje må vere fylt 25 år, og/eller vere forelder til den mindreårige. 

Verja kan ikkje nyte alkohol medan dei har mindreårige med seg, og må ha oppsyn med den mindreårige til ei kvar tid. Verja må vere tilgjengeleg på telefon medan ein er på og rundt festivalområdet. Brot på kontrakten fører til bortvisning frå området. Ein må fylle ut verjekontrakt ved inngangen. 

Vi oppmodar om at born forlet festivaljordet før klokka 21. Me har eige område for mindreårige med verje oppe ved brusteltet. Mindreårige og/eller verje som kjem rusa til Festidalen vil verta avvist.

 Born under 13 år kjem gratis inn, ungdom mellom 13-17 må kjøpe eigen ungdomsbillett.

Frivillig

Sa du at du ville vera frivillig? 
Så kjekt! Me elskar folk som vil vera med!

Det fins nok å gjera for å stelle i stand ein festival og me treng folk til rigging, servering, tryggleik og mykje meir. Bli med oss då vel!