Ingebjørg Bratland
1. april 2023

Ingebjørg Bratland opnar laurdagen

She is back! Med meir hjarta og fleire svisker enn nokon gong. Ingebjørg Bratland er artisten som, med si fengslande stemme, har klart å løfta tradisjonell og nymotens folkemusikk opp og fram i den norske pop’en. Ho sel ut konsertar over heile landet. Ho bergtar og smeltar publikum en mas. Dette, saman med 63 millionar streams teiknar ei klar skisse av ein særs suksessfull artist. Ingebjørg opnar laurdagsprogrammet med si lune stemme og fengande musikk. No kjem ho attende for å begeistra deg igjen.

– Katalogen hennar er ein godtepose på 19kg. Og stemma kan ingen matcha. Å opna laurdagen med Ingebjørg kan reknast som ein sabla snadder champagnefrokost. Stemninga er satt, og laurdagen skyt ut av startblokka.