16. desember 2021

Kjartan!

Kjartan Lauritzen- ein oase og ei drueklase til Festidalen!

Sjølvsagt skal rap runga over sommarjordet på Dønhaug. Og det på festlegast mogeleg vis. Kjartan Lauritzen er landets mest positive stemningsskapar. Og endeleg kjem han til Dønhaug. Sogningen har, trass sin unge alder, alt rukke å bli definisjonen på helg, vorspiel, fest og nachspiel. Gir deg opp med bængers som t.d. «Fredag», «Porno», «TADA» og «Havanna». Låtar som kastar kva helg som hels inn i rett bane.

Showet han leverer er annleis. Han byr på seg sjølv og skapar ein unik kontakt med publikum. For dette har P3 Gull nominert han to gonger til “årets live artist”. Kom på konsert, og du vil føle ei varm kjensle stryke deg forsiktig på sjela, og ei stemme vil kviskre deg ømt i øyret; “dette var ikkje eit dumt val, min gode ven”.