9. desember 2021

Madrugada!

Nokre band skin sterkare enn andre. Som frå ei anna verd. Og no er noko stort på veg mot oss. Bakken skjelver og det knakar i fjellsidene. Sauene kikar opp og kyra sluttar å tygge. Øyrene er på stilk. Du høyrer dei kjem; Madrugada er norsk rock´s feitaste Roll´s Roys! Og dei headliner fredagen. God jul!

Madrugada har peishylla full. Fem Spellemannsprisar, to Alarmprisar, og seld til gull og platina i søkk og kav. Og sjølvsagt sjarmert sjeler frå Shanghai til Shetland.

Dei er gjenforent. Slepp ny plate på nyåret. Dei spelar to konsertar i Spektrum i februar. Og i september gjer dei likså godt ein stadionkonsert i Athen. Framfor 45.000 grekarar! Men før dette skal dei boltra seg i rural kjærleik på Dønhaug. Himmelen er skyfri, og stjernene skin frå scena. Vilt! Makalaust!

Det er meinigslaust å skildra og skryta av Madrugada. Folk veit kva dei er og kva dei leverer. Dette er magisk snadder i lydformat. Køyr deg opp med «Majesty,» «The Kids Are On High Street,» eller blodferske «Dreams At Midnight.»