Artisbookinga er godt i gang. I tillegg til Lambasleppet og søndagskonsert skal elleve band tøffa seg på hovudscena fredag 5. og laurdag 6. august. Plakaten kjem til å bestå av alt frå rå undergrunnsmusikk, snasne opp-og-kommande-artistar, til skandinavias feitaste namn. Mange namn er så godt som klare allereie, og me kjem til å sleppa dei etterkvart som signaturane er på plass. Me byrjar me to av dei mest spennande. Desse er booka fordi deiras konsertar er noko av det mest ekte og medrivande landet kan gi oss. Dei definerer årets breidde i Festidalenprogrammet, og representerer plakatens «skjønnheten og udyret..» Miss Tati og The Mormones.
Miss Tati:
Rytmisk soul. Melodiøs rap. R’n B. Miss Tati er eit musikalsk samensurium av energi og kjensler. Og med røter i Bergen, Portugal og Angola har ho skapt ei magisk musikalsk leikegrind. Unorsk og umåteleg deileg. 2016 vert Miss Tati sitt år. Ikkje berre slepp ho to singlar og debutalbum, men ho er også alt valgt ut som ein av ti norske artistar Spotify (Spotify Spotlight) har mest tru på det kommande året!
Konserten ho gjorde på Øya i sommar var dampande heit. Internasjonal presse og bransje vart bergtatt. Festidalen har fulgt Miss Tati sidan byrjinga. No klarar me ikkje venta lenger. Ho skal på scena vår, og du skal dansa!
The Mormones:
Punk! Eit to-skalla spastisk kjellerpunk-beist som gir heile livet sitt live. Ein bråkebøtteduo frå Lillehammer som i årevis har herja landet (og utland) med uortodokse og intense konsertar. Dei har gjort ca ein million klubbkonsertar, gitt ut hyllestlåtar for The Ramones, Jokke, Backstreet Girls og Raga Rockers, samt spelt på blant anna Arvika-, Quart- og Trænafestivalen. Vokal, trommer og fuzzbass. Lite? Nei, ikkje i denne sammenhengen! Dette er vaskeekte undergrunnslegendar. The Mormones kjem for å blåsa lyggen av deg. Hald begeret hardt i handa..