Snart skal me atter ein gong tråkka inn i det pittoreske landskapet dalen og Dønhaug byr på. Eit postkort frå Kvinnherad. Stempla og signert av kvinnheringar. Og sendt ut i den digitale evigheita gjennom 6000 telefonar siste helga i juni. Me har sett bileta før. Og me har opplevd magien på jordet mange gongar. Men det bur meir i og rundt oss enn det auga kan fanga.

Festidalen har ei flett ny heimesida. Nysgjerrige auger har alt sett at det har dukka opp nokre snodige figurar her. Kva i all verda er dette? Mystikk og folklore har hus i alle og alt rundt oss. Så kvifor ikkje skapa figurar av det? Med utgangspunkt i lokale segner har Festidalen sett til liv nokre løgnasar. Dei er lekande, fantasifulle og samansette. Nett som kvinnheringane. Kvifor? Fordi det er dritstilig. Og fordi fantasi og mystikk er musikken sin stødigaste dansepartnar. Kven kveit; kanskje det bur ein løgnas oppå haugen, bak ei løa, eller i fjerten til Magne? Uansett, handsam dei med omhu.

«Slåttane Lånespelaren spelte den kvelden fekk stolar og krakkar til å dansa, og jamvel dei mest alvorlege menneske til å gråta og le.»