Under fjorårets næringsseminar fekk vi ei oppdatering av den lokale industriens situasjon etter at nedgangen i oljepris og kronekurs hadde byrja å gjera seg gjeldande. Det vart – på vestlendingars vis – gjeve uttrykk for nøktern optimisme og vilje til innsats. Vestlandet, og vår region, er prega av omstillingsevne, skaparkraft og arbeidsvilje. Det er difor vi har Festidalen.
I år lovar vi også relevante, underhaldande og inspirerande føredrag for det lokale næringslivet, for politikarar, for studentar/elevar og for anna samfunnsinteressert godtfolk:
Jan Ludvik Andreassen er sjefsøkonom i Eikagruppen (eller Eika Gruppen, som nokon på Austlandet har vald å kalla det). Han har hovudansvaret for overvaking av makroøkonomi i inn- og utland. Andreassen er ein av rikskjendisane innanfor det økonomiske kommentariatet, og det gler oss – i samarbeid med Tysnes Sparebank – å kunne presentera hans kombinasjon av fagleg innsikt og formidlingsevne. Han stiller i Uskedalen med følgjande knallharde tittel: \»Blir Vestlandet som Japan\»? Det er ikkje småtteri, men så arbeider også Andreassen makro.
Ingrid Guddal er seniorrådgjevar ved Innovasjon Norge sitt bergenskontor. Ho har lang og brei leiarrøynsle, sist som rådmann i Odda. Ingrid er rådgjevar for næringsklynger på Vestlandet, og skal fortelja om sitt og om Innovasjon Norge sitt arbeid på dette feltet. Samarbeid og samhandling er alltid bra for innovasjon og utvikling. Etablering og vekst av næringsklynger er noko vi i Festidalen har stor tru på. Kom og høyr!
Bjarte Døssland (kvinnhering) og Øyvind Gaute Berg (stordabu) er partnarar i Borgen Advokatar AS. Dei dreiv fram til 2012 advokatfirma på kvar si tue, men leiar no eit større vestlandsk advokatfirma med 15 advokatar. Dei to krabatane meiner samanslåing er vegen å gå for fleire småverksemder, for å få større utfordringar, større finanisell styrke, større omsetning og sterkare fagleg utvikling. Dei vil fortelja om utfordringar og løysingar ved samanslåing av små livsverk til noko som er større enn ein sjølv.
Janove Ottesen er tidlegare vokalist og frontfigur i vestlandsfenomenet Kaizers Orchestra, noko av det mest gripande som er produsert på Jæren sidan Haugtussa. Bandet sine kvalitetar skal vi ikkje bruka meir tid på å presentera; Det er kjent for alle, og langt utover landegrensene. I tillegg til fundamental kvalitet på leveransane, har Kaizers vore fenomenalt dyktige på merkevarebygging. Kaizers Orchestra er etter kvart ikkje berre eit keisarleg orkester, men eit konsept, eit univers, ein historie og ei suksessverksemd. Korleis dei har fått dette til er relevant for andre enn dei som driv med uthamring av bilfelgar med brekkjarn. Gled dykk!
Og prikken over pølsa: Peder Sjo Slettebø skal både opna seminaret og leia det trygt framover undervegs. Om han stiller med klubbe og kjede veit vi ikkje, men han stiller. Han er ein kjernekar.
Dato: Fredag 5. august
Tid: 12:00
Stad: Aktivitetshuset i Uskedalen
Påmelding: seminar@festidalen.no
Vi gler oss!