CC Cowboys til Festidalen
Dei mest populære kveggutane i landet slepp taumane og fyrar av ei tønne med krutt på Festidalen i sommar. CC Cowboys har herja landet i tiår etter tiår, og kjem ikkje til å gi seg før Ulvanosa står i flammar og Hattebergfossen fjertar svovel. Allemannseige og allsang. Musikalske skattar og evigunge låtar. Sjølvaste Metallica hadde vit til å covra CC Cowboys sist dei var i landet! Fram med surfebrettet, for her kjem ei massiv hitbølge veltande mot deg.
– Me opnar fredagen med eit brak. CC Cowboys vrenger skjorta, sjela og gitarane frå første sekund. Me er, som vanleg, fordømt utålmodige med å få festen i gong. Og då er det lite som passar betre enn eit par kalde til kåbbåiane i kveldinga. Opna beltet og på med smikka, her vert det servert nye og gamle rettar frå meisterkokk Grønneberg og kompani. «Synder i sommersol» er ein hymne til festivalkvelden.