Vigsel på Festidalen

Festidalen har i meir enn tjue år vore tufta på rock, fjell og kjærleik. I år vil me legge litt ekstra vekt på kjærleik og gir par mogleiken til å gifte seg under Festidalen.

Fest i fjellet

Tur til Geitadalstind Bli med oss og DNT på topptur til Geitadalstind. Ver med oss og opplev den spektakulære utsikten frå Geitadalstind. Vi startar Festidalen 2024 med Festifjellet-tur til Geitadalstind! Turen går frå Kalkestasjonen kl.09, og vi satsar på å vera tilbake i god tid før konsertane startar på Dønhaug. Vi ser fram til tur! Håpar at mange har lyst til å vera med!  Påmelding til tur
Datarock

Datarock dryler til på Festidalen

På med hjelmen, Datarock tråkkar pedalen gjennom golvet. Og dryler på med fart,  fest og frekke muvs! Det er ikkje mange som kan matcha CV’en til bergensbandet. Dei har levert meir enn 1000 vanvitige liveshows i 36 land på 5 kontinent. Dei har turnert USA 20 gangar, og toppa det med å spela på Jimmy Kimmel Live. Og ikkje minst, herja storscenar som Roskilde og Coachella. No kjem dei for å setta fyr på Festidalen. – Altså, det er ingen band i landet som tar festen meir på alvor enn Datarock. Det er alltid kuler og krut på scena. Og publikum svarar med eit vanvitig ...
Beharie

Beharie med silkemjuke tonar til Festidalen

Det råaste R’n’B- og soul-talent i landet er utan tvil Beharie. Det er silkemjukt og skjelvande vakkert. Det er deilege, slentrande låtar som smyg seg inn under sommarskjorta. På menyen står kjærleiken sin evige ambivalens, servert med sjarme shorts og badeball. Beharie går på scena rett etter Timbuktu, og dreg oss enda lenger inn i den varme junikvelden. Det er rett og slett fagert og fordømt fint. Bookingsjefen vår har lenge hatt Beharie på radaren: – Når Beharie tar steget fram til mikrofonen skjer det noko. Vinden løyar. Stuten slutar å tygga. Og naboen slepp den kvinande saga. Og du, du får lyst å hiva deg ...
Michelle Ullestad

Michelle Ullestad set farge på festivalhimmelen i Uskedalen

Dei musikalske stjernene skin sterkt på den vestnorske himmelkvelvinga for tida. Me har hatt ei røys av dei på Festidalen siste åra; Kjartan Lauritzen, Kamara, Gabrielle, Aurora, Lerche, og mange fleire. Men no kjem ei av dei mest spanande på lenge! Michelle Ullestad er ei råsterk popstemma, med noko så unikt som ærlege tekstar. Om både opp- og nedturar. Det er nært, gjenkjenneleg, og deileg dansbart. «La meg ligge» , «Mozell» og «Pant på hjerter» er alle krutsterke låtar som dreg tankar mot Veronika Maggio og Bendik. Men med ein tekstsjarm som overgår alle andre. Sjå opp, denne stjerna blunkar til deg.  Bookingsjefen vår meiner: ...

Timbuktu opnar Festidalen 2024

Timbuktu er tidenes viktigaste og mest populære hiphopartist i Skandinavia. Og no kjem han for å opna fredagen på Festidalen. Han frelste Dønhaug i 2016, og returnerer for å gjera vatn til vin og fylla sure kjeftar med farin. Aldri før har me hatt ei slik opning på festivalhelga! Konserten i 2016 er ein av dei absolutt feitaste me har hatt i Festidalensoga. Den heng heilt der oppe saman med Maradonna og Muhammad Ali. I år køyrer me perfekt festivalstemning frå første anslag, og så dansar me oss gjennom heile denne to-dagars feelgood-maratonen. Timbuktu gjer ein av særs få konsertar i landet dette året.  

Oslo Ess headbangar inn sommaren

Med sju studioalbum, elleve radiosinglar og tusentals konsertar bak seg, er det umogleg å ikkje kjenna att lyden av desse rennesteinssjarmørane.For oss pasifistar er dette rett val av ammunisjon. Eksplosivt og inntrengande. Klar tale og taktfast gange. I den verda me bur i no er det fleire som burde lada om frå bly til breibeint rock. Dei har sparka opp dørar, knust vindauge og seld ut klubbar og storsalar over heile landet sidan gjennombrotet i 2010. Og no kjem dei for å samla hordane framfor scena på Dønhaug. Sug i deg gitarar med vreng og feite refreng i Noreg sitt flottaste rocketerreng. For oss pasifistar ...

Kurt Nilsen opnar laurdagen

Kurt Nilsen opnar laurdagen på Festidalen Kurt valsa inn i TV-ruta for vel 20 år sidan, og har sidan opna dørar og vindauge i kvar ein heim. Ja, han har til og  med sklidd ned eit par skorsteinar for å spreia julestemning. Kurt har fylt radioar, tv’ar, hjarter og svære konsertarenaar. Mannen har i to tiår kokt saman eit festbord av hitar. No kjem han for å slenga nokre ferske låtbiffar på grillen vår. Dette vert mest truleg den einaste festivalen på vestlandet for Kurt i år!  

Timbuktu

Timbuktu opnar Festidalen 2024 Timbuktu er tidenes viktigaste og mest populære hiphopartist i Skandinavia. Og no kjem han for å opna fredagen på Fesidalen.   Han frelste Dønhaug i 2016, og returnerer for å gjera vatn til vin og fylla sure kjeftar med farin. Aldri før har me hatt ei slik opning på festivalhelga!   Konserten i 2016 er ein av dei absolutt feitaste me har hatt i Festidalensoga. Den heng heilt der oppe saman med Maradonna og Muhammad Ali. I år køyrer me perfekt festivalstemning frå første anslag, og så dansar me oss gjennom heile denne to-dagars feelgood-maratonen. Konserten i Uskedalen er ein av ...