15. april 2019

Programmet er klart med Janove og Real Ones!

Då er programmet for 2019 klart! Eit fargerikt fruktfat av artistar skal deiga seg saman med oss på Dønhaug. Det er berre å trimma dansemuvsa og sommarbarten. Snopa seg pass til familie, vener, naboen og seg sjølve. Og telja ned dagar. Sommaren er skremmande nære. Og den skal sjølvsagt nytast ute i både Guds og Human-etisk forbund sin frie natur. Så ta å gjer det i fellesskap på Festidalen! Akkompagnert av skikkeleg snadder musikk. Og skikkeleg herlege folk. Og i heilt forbaska smude omgjevnadar!

Noreg sin største frontmann gjennom tidene kjem til Uskedalen! Kaizer-universets far, døypar og bøddel, Janove, kjem solo. Etter 20 år som artist gjorde Janove, for første gang, konsertar aleina i fjor. Han slapp «Spindelvevriff EP», og turnerte landet til ståande ovasjonar. «Perfeksjonisme i dempa og rå form» skreiv BA, og trilla ein seksar. Til hausten vert det ny turne, med allereie utselde konsertar eit heilt år i førevegen. Men du får altså sjansen til å oppleva han hos oss i sommar! Dette vert mjukt, meisterleg og minnerikt.

Real Ones er eit av dei banda du berre må sjå live. Noko Dagbladet stadfestar, og kåra dei til  « Noregs i særklasse beste liveband». Det er pop og det er folkrock. Det er leikent og rutinert. Det er fleirstemt og fleirfoldig. Men mest av alt, smellvakkert! Klin deg inn med solkrem, rull eit strå inn i munnviken og ein smørblom bak øyra, Real Ones har nemleg kvasse planar om å pusha livskvaliteten til maks!