Båt

Kjem du sjøvegen til festivalbygda? Då ynskjer vi deg velkomne til Uskedalen Båtlag si gjestehamn.
Båthamna ligg midt i bygda og det tek deg toppen 15 minutt å gå opp til festivalområdet.

Det går hurtigbåt heilt frå Bergen til Rosendal. Det er ein tur me absolutt vil anbefale.  Frå Rosendal kjem du deg enkelt inn til vakre Uskedalen.

Buss

Me stiller med gratis buss i alle himmelretningar frå kl 01.00. Til og med heilt til Odda! Det er ikkje spøk.
Bussane går frå bussplassen nede i bygda, og dei køyrer heilt til alle er trygt heime.
Og du, bussen er inkludert i festivalpasset. High five!

Sidan Festidalen er så populær så er det sett opp ekstra bussar når du skal til Uskedalen, her reiser du sjølvsagt billeg og miljøvennleg. Kjøp vanleg rutebussbillett i til dømes Skyss-appen!

Festivalcamping

Den beste måten å vera på festival på er sjølvsagt å bu på festivalcampen. Campen ligg like nedanfor festivalområde. Kjøp billett til teltplass og bubil på førehand. Det er få plassar.


Har du billett til campen må du veksle den inn i armband på festivalkontoret. Campen opnar torsdag etter kl 15.

Bubil og campingvogn

Me har eit eige område for bubil og campingvogn.

For å kome seg ned, må ein kjøre ned ein grusveg og over ei bru. Vi anbefaler difor ikkje dei med store vogner å nytte campen. Større vogner får eit problem med svingen ut mot brua.

Straum og vatn

Det er straum til campområde. Skap for tilkopling vil stå ved brua. Vi har tilgjengelig ein del skøyteleidning, men det kan vera lurt å ta med eigen.

Reint vatn finn de i eige område ved campteltet. Det er ikkje anbefalt å drikke av elva.

Butikk

Sparbutikk ligg på nedsida av riksvegen, omlag 10 min. gåtur frå campen.

Campreglar

  • Du må ha fylt 18 år før festivalen byrjar for å komme inn på festivalcampen.
  • Møblar er forbode, campingstoler og bord er OK
  • Glasflasker er ikkje tillatt, grunna beiteområde.
  • Gassflasker, bensin eller anna svært brannfarlig væske er ikkje tillatt
  • Etter kl. 03.00 ber vi om at aggregat slås av, og at musikken vert dempa.  Vis omsyn ovanfor dei andre på campen.
  • Hjelp oss med å holde området ryddig. Avfall kastar du i søppelspann/container. Treng du søppelsekkar, ta kontakt med ein av oss som er fast på campen gjennom helga. Forlat området ryddig. Dyr beitar på bakken, derfor kan knuste flasker o.l. gjera stor skade. Hjelp oss med å unngå dette.
  • Førstehjelpsutstyr finn de inne i campteltet. Ved akutt og livstruande skade ring 113.
  • Ved brann ring 110. All bruk av open eld er forbode. Brannslukkingsapparat og vatn er plassert like ved campteltet og på to anviste stader på campområdet.

Rabben Feriesenter

Rabben Feriesenter ligg i Uskedalen, midt i Kvinnherad kommune, mellom Rosendal og Husnes.  Med campingplassen som base er det kort veg til sjø, elv, skog,  fjell, og ikkje minst festivalområdet. 

Hotell

Om du skulle foretrekke ei meir luksuriøs overnatting der du ikkje treng å lage frukosten din sjølv anbefalar me Husnes Hotell eller Rosendal Fjordhotell. Begge stilige hotell som ligg 15 minutts bil- eller busstur unna Uskedalen. 

Solheim Turiststasjon

Ei lita perle kva gjeld service og sjarm er Solheim Turiststasjon. Den ligg like ved hovudvegen og bensinstasjonen og leiger ut rom med tilhøyrande bevertning.