Sigrid er ein hemningslaus gledespreiar. Ei ustoppeleg popkraft. Det dirrar av forventningar føre ei kvar scene ho entrar. Og endeleg er ho klar for Festidalenscena.
Ungdommeleg og moden. Ujålete og fordømt sjarmerande. Dette er deileg potent sommarpop. Fylt til randen med pasjon.
Ålesundsjenta er ei av våre aller største internasjonale stjerneskot. Hylla frå Japan til USA. Og sjølv om ho herjar radiostasjonar verda over, har ho gong på gong bevist at låtane lever eit enda sterkare liv live. Ho blømer som våren sjølv i møte med publikum.
Ja, sjå gjerne mot julestjerna no. Men hugs også at rett borti der, over taket på Dønhaug, lurar straks sommarsola. Kanskje ligg det ein billett under juletreet?
Sigrid er det motsetta av autotune og plastisk kirurgi.
Live er Sigrid så mykje meir enn berre ein artist. Ho pumpar låtane fulle av rå kraft og nærvære. Positivt popmagi. Ho er heile Noreg si Frk Sjarm Trollesen.
The Times hylla Sigrid og skildra ho som «the missing link» mellom rytmisk pop og den reflekterande indie-rocken. Eg stiller meg 100% bak denne påstanden. Og legg til at ho ikkje berre er den manglande linken der, ho er også den eksisterande linken mellom ungdommeleg vestlandskraft og den store verda.
1,5 milliardar streams seier kanskje noko om hennar braksuksess..?