Sjølvaste Ylvis kjem til Festidalen

Laurdagen sprett Ylvisbrørne opp på Festidalenscena og sparkar i gong tidenes hitparade. Og dei sparar ikkje på noko. «Skaol skadle,» «Jan Egeland,» «Stonehenge,» «The Fox» og resten av det latterlege repertoaret vil ljoma over dalen. Veslebror Bjarte er sjølvsagt med. Og ein godtepose musikarar av ypparste klasse som sjonglera sjangrar etter Bård og Vegard sine grenselause innfall. Det er rigga for rabalder og duka for dans.

 

Dette blir galskap frå ende til annan. Positiv galskap! Dette er festen du ikkje vil gå glipp av. Eit musikalsk sirkus som både svingar pisken og serverer sukkerspinn.