To nye artistar er klare for Festidalen. Susanne Sundfør og Stein Torleif Bjella. To prisvinnande artistar frå øvste hylle i norsk musikk. Saman med The Mormones og Miss Tati utgjer desse dei fire første artistane på festidalenplakaten 2016. Sundfør er kortreist, og Bjella kjem frå gård. Klart dei skal til Festidalen!

Susanne Sundfør:
Knapt nokon norsk artist har motteke så mykje heider frå eit samla pressekorps. Og det for både utgivelsar og opptredenar. Alt frå NRK og Aftenposten til britiske The Guardian gir ho full pott. Norgesturneen hennar for 2016 er straks utsolgt! Og som headliner på Øya i sommar trollbant ho over 10.000 tilskodarar med ein ”maktdemonstrasjon så intens at musikkhistorie vart skrevet der og då”(Aftenposten). Og Festidalen vil jo ikkje vera noko dårlegare enn våre venner i Øya! Ho vert med rette omtala som ein norsk nasjonalskatt, og denne skatten finn du på enden av regnbogen tideleg august på Festidalenscena, mellom bakkar og berg utmed havet.

Stein Torleif Bjella:
\"2015-Stein-Torleif-Bjella-Kristoffer-Oen-print01-1024x731\"Sidan solodebuten i 2009 har Stein Torleif Bjella etablert seg som ein humoristisk og sjarmerande heidersmann på den norske scena. Fyren har verkeleg satt spor. Med linjer som ”Kan eg får vegrett heim til deg? Du skal få bruksrett på heile meg” og ”Psykisk kan du vera sjølv” dreg han lyttaren inn i si underfundige verd. Spellemannspris og Prøysenprisen er to av prisane han har fått slengt etter seg. Denne karen kjem til å vinne mange hjerter i Uskedalen. Visepoesi møter humor, Alf Prøysen møter Tom Waits, og du møter opp. Stein Torleif Bjella opnar festidalen 2016.

Festidalen såg dagens ljos første gang i 2003. Og til sommaren gjennomfører me Festidalen for 10. gang. Fleire av våre faste tilskodarar var der allereie første året. Andre har byrja å bygge tradisjonen seinare. Og fleire kjem til for kvart år. Jubileumsåret skal sjølvsagt slå alle rekordar. Programmet byrjar verkeleg å ta form. Bare småting gjennstår før fleire artistar er signerte. Dei rabatterte billettane er framleis tilgjengelege. Så kjøp denne julegava til deg sjølv eller nokon andre du er forbaska glad i.