Festidalen vann Målblomen for 2016. Det er ei gleda å få slik merksemd. Vi er takksame og stolt! Tusen takk til Kvinnherad Mållag. Sjølvsagt nyttar vi nynorsk. Det ligg i røtene våre, i identiteten vår og i verdiane våre. Vi diggar nynorsk! #kjærleik

Her er grunngjevinga for Målblomen:
Prisvinnaren har vore ein omtykt festival i år etter år, med gnistrande gode program både når det gjeld musikk og anna tilbod. Ein festival i tida, for ungdom i alle aldrar. Dette gjer dei med all marknadsføring og alt tilfang på nynorsk. Språket på festivalen sine nettsider og anna materiell, er gjennomgåande godt, og ofte leikent og kreativt.
Mållaget har også lagt merke til at festivalen legg vekt på å ha tilbod til barn og unge, og dei legg vekt på å vera synlege og aktive i lokalmiljøet. Festivalen er såleis ein særs viktig del av det lokale kulturlivet, noko som også har vore vektlagt i tildelinga.
Denne festivalen viser at viss du er dødskul, så er du endå kulare viss du er det på nynorsk. Det er difor ei glede å tildela målblomen til Festidalen.

Sidan dei ikkje har eit kontorlokale eller annan plass der dei kan stella og stilla ut ein potteblom, så har vi gjort avtale med Magne Huglen om at til våren vil vi planta eit høveleg tre eller ein busk på ein høveleg stad på Dønhaug. Fortrinnsvis ein som blømer tidleg i august.