Me er rett og slett sjukt stolte over årets program! Ikkje eit svakt punkt, berre snadder frå start til slutt. Menyen er innbydande på det viset at smakssansane vert uforskamma utfordra. Noko me alltid ønsker å gjera. Spranget frå til dømes The Mormones til Timbuktu er stort, men med smakstilpassa innhald i glaset, rette miljø og magiske omgjevnadar vert dette eit festmåltid.
The Dogs, Vamp og Bendik gjer årets program komplett. Me har lessa kjerra med alt frå pop, rock, punk, hip hop til viser, soul og folk, og veivar pisken med mål om Dønhaug. Denne utgåva av Festidalen er brei, rikhaldig og proppa med kvalitet. Me er klare. Er du?
The Dogs:
Oioioi! Her kjem årets rockelokomotiv dundrande. Med Kristopher Schou i front riv The Dogs tak i både skjorta og sjela til publikum. Ingenting høver betre enn reinskåren rock på jordet vårt i desse moderne tider. Kuler og krutt, ballar og baluba. Denne rutinerte gjengen har medlemmar frå bl.a. Cumshots, Sweden og Hurra Torpedo. Førebu deg på galskap! Sjekk ut låtar som ”Crime is Sexy”, ”G.U.I.L.T.Y.” og ”Are You With Him Now”.
The Dogs er pur pondus og potens. Var det nokon som prøvde seg på at rocken hadde omkomme? Ta deg ei bolle.
Vamp:
Vamp er pionerar. Dei er legendar. Stemninga under deira konsert blir heilt klart ein solid høgdare.
Folkrockarane i Vamp treng knappast noko introduksjon. Dei har mekka eit to-sifra antall plater, har ei peishylle full av Spellemannsprisar og Prøysenprisen. Dei har figurert i TV og radio meir enn dei fleste, solgt godt over ein million album og dansar markant og ivrig på alle strømmetjenestar! Og no kjem dei for å opna laurdagsprogrammet vårt. Dette vert ein tideleg og deileg start på dag to! ”Månemannen”, ”Liten Fuggel” og alle dei andre du allereie kan set premissane denne sommarsdagen.
Bendik:
Bendik sin musikk er pokker så sterk, moderne, ærleg og gripande. Og dansbar! Låtane til Silje og gjengen i bandet herjar ein kvar radiostasjon, og TV-skjermen slepper heller ikkje unna. Noko Bendik nyleg viste på Lindmo. Som DN skreiv: ” Dette er stor musikk i fleire tydingar av ordet. Musikk du lengtar etter å høyra live. Eller på høgt volum i dine beste øyretelefonar.” Det er Bendik si tid no. Og i lang tid framover! Sjekk ut låtane ”Kriger”, ”Knust Glass”, ”Siste Gang”, og ”Hjertebank og Kulde”.
Bendik kjem til å raga høgt på festivalar og store scenar landet over i tida som kjem. Dette er imponerande og særs medrivande.
Fredagen smilar du til Stein Torleif Bjella, The Mormones, The Dogs, Miss Tati og Timbuktu.
Laurdagen kjem du til sansane att mens du nyter Vamp, Hear Me Roar, Vånna Inget, Slutface, Bendik og Susanne Sundfør