Sal opp, Sunnhordland!
Frå Stord kjem det galopperande ei funklande ny køntristjerna. Gitaren er hans kompanjong, og hatten er hans flagg. Stemma er hans våpen, og magasinet er spekka med kjensler.
If life gives you lemons, make lemonade. Tobias Sten smelter hjarter med sitt knuste. Han snur svik til styrke. Og motstand til kjærleik. Ein utfordrande oppvekst vert omsett til ei lovande framtid. Med Zach Bryan på nista og Jason Isbell i koppen har han vakse seg inn i tjueåra og utvikla seg til Noreg sitt absolutt største talent i sjangeren. Då er det ekstra stas at fenomenet kjem berre eit drygt lassokast frå Kvinnherad.
I følge vår eminente bookingsjef er Tobias den nye vinen i nasjonal køntri. Han legg seg tett opp til pop’en og singer/songwriter-kulturen. Dette bør vera malen for yngre krefter som vil etablera seg i sjangeren. På makalaust melodiøst vis serverer Tobias Sten rystande ærlege tekstar med smil og smidigheit.