Endeleg!

Endeleg vart Festidalen slik det var meininga den skulle vere: Rock, fjell, kjærleik. Og sol og sprikje med tærne i tørre graset.

Kjærleik og solhelsing til alle gjester som bidrog til gjere Festidalen 2018 til noko vi aldri gløymer.

Respekt og solhelsing til alle frivillige som stilte opp og var vertskap gjennom helga. Saman syner vi kva frivillig innsats kan skape.

Takksemd og solhelsing til alle sponsorar som bidrog i det store spleiselaget som må til for å skape ei storhending i Sunnhordland.

High five til alle artistar som pumpa energi frå scena to kveldar til endes. Dette var makalaust!

We love you!

Tusen takk!
XoXo