26. juni 2019

Verjeordninga på Festidalen

Festidalen har 18 års aldersgrense, men personar under 18 år kan få adgang i følgje med verge.

  • Som verje vert akseptert edru person fylt 30 år, og/eller som er forelder til den mindreårige.
  • Verja kan ikkje nyte eller kjøpe alkohol på Festidalen.
  • Verja må legitimera seg og levera utfylt verjekontrakt ved inngang til Festidalen.
  • Eit verje kan ha ansvar for maksimalt 2 mindreårige.
  • Verja skal vere tilgjengeleg på mobiltelefon under heile opphaldet ved og på Festidalen.
  • Mindreårige og/eller verje som kjem rusa til Festidalen vert avvist ved inngangen.

Verja er ansvarleg for dei mindreårige så lenge dei oppheld seg på og ved Festidalen. Verja skal vere saman med, og ha dei mindreårige under oppsyn gjennom heile opphaldet ved og på Festidalen.

Brot:

  • Vert den mindreårige observert med alkohol vert både den mindreårige og verje vist vekk frå området.
  • Drikk verje alkohol vert både den mindreårige og verje vist vekk frå området.

Verjekontrakten får du ved inngangen til festivalområdet.

Velkomne til Festidalen!