No kan du gifte deg på Festidalen
Festidalen har i meir enn tjue år vore tufta på rock, fjell og kjærleik.
I år vil me legge litt ekstra vekt på kjærleik og gir par mogleiken til å gifte seg under Festidalen.
Dersom du går med gifteplanar i sommar kan me tilby dei perfekte rammene på Dønhaug i Uskedalen. Enten du vil ha publikum eller ei rolegare stund før konsertane så stiller me opp med våre eigen seremonileiar Anbjørn Høivik frå Kvinnherad kommune og ein skikkeleg heiagjeng beståande av meir enn 200 frivillige, 3000 publikum band og artistar.
Så, er du gifteklar og ønsker ein seremoni utanom det vanlege så ikkje nøl med å ta kontakt med oss i Festidalen.