Festifjellet

Festifjellet er eit samarbeid mellom Kvinnherad Turlag og Festidalen. Her kan du melde deg på.

FESTIFJELLET KLATRING I BØRSDALEN

Fellestur

Dato
27. juni kl. 17:00 – 21:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Fjellsportinteresserte
Arrangør
Kvinnherad TurlagFestidalen
Turområde
Folgefonna(se kart)

Torsdag ettermiddag blir det arrangert klatring i Børsdalen etterfulgt av utendørskino med visning av filmen Free Solo (2018) på festidalcampen.

Det blir oppmøte ved kalkestasjonen i Uskedalen kl 17.00, derfrå går vi samla inn til klatrefeltet i Børsdalen.

Børsdalen har bolta ruter med ulik vanskelegheitsgrad. Det er ønskeleg at du har topptaukort eller har klatra litt før.

Ta kontakt ved påmelding om du ønskjer å låne utstyr.

Dersom du kjem tilreisande til Festidalen og treng overnatting blir det laga til eit Festifjellet område på campen. Her håpar vi på å kunne samle fleire fjellsport og klatreinteressert som ønskjer å kombinere fjelliv og festival!

 

FESTIFJELLET GEITADALSTIND

Fellestur

Dato
28. juni kl. 10:00 – 15:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Kvinnherad TurlagFestidalen
Turområde
Folgefonna (se kart)

Fredag 28.juni blir det ein fellestur til majestetiske Geitedalstind 1213 moh.
Turen startar frå Kalkestasjonen i Uskedalen kl 10.00, og vi går via Låganåso og opp den spektakulære ryggen til Geitadalstind.
Fantastisk utsyn over fjell, fjord, fonn og hav. Ein tur som er verdt å få med seg.

Pris: Gratis for medlemmer, kr 150,- for ikkje-medlemmer. Turleiarar: Solveig Haugland Tlf: 47266929 og Veslemøy Haugland.

FESTIFJELLET MANEN

Fellestur

Dato
29. juni kl. 10:00 – 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Kvinnherad Turlag,Festidalen
Turområde
Folgefonna (se kart)

Laurdag 29.juni blir det ein fellestur til vakre Manen 1014 moh.

Turen startar frå parkeringsplass ved Padlane på Eik kl 10.00. Vi går gjennom gamal furuskog før vi kjem opp i ope landskap og kan nyta ein fantastisk utsikt over Rosendalsfjella, Folgefonna og Sunnhordalandsbassenget. Når vi når toppen blir utsikta enda meir formidabel, då vi ser blant anna Ulvanåso, Englafjell og Melkhaug. Ein tur som er verdt å få med seg.

Pris: Gratis for medlem, kr 150,- for ikkje-medlemmer.
Turleiar: Martha Teigen Varanes Tlf: 91102650
og Benjamin Hus Ripel