Kjekt å vite

LET’S GET DOWN TO BUSINESS

 

Dørene opnar

17:00 fredag
16:00 laurdag

CASH IS NOT KING

Har du ikkje fått deg med deg? Kort er tingen, it is the new shit seier ungdommen.
Festidalen er kontantlaus. Så ta med deg kortet å slå deg laus.

SVOLTEN?

Vi snakkar burger. Kva er vel betre enn ein deilig, saftig burger grilla på kol? Denne gongen i ny drakt med coleslaw og BBQ-saus? Jummy! Kjem i veggisvariant òg!
Eller kva med ei deilig chorizopølse med snert? Det er diggolini. For ikkje å snakka om kyllingwrap med salat og dei dæsj søt-chilisaus. Wrap’en kjem også i veganform – med deilige grønsaker toppa med cous-cous. Saft suse!
Desserten finn du jaggu og, den kan få følge av spesialbrent kaffi. Mykje leskande drykk står på menyen, her er stor variasjon og mange slag.

CAMP LIFE #GLAMLIFE

Ta med deg soveposen, kanskje eit telt, og legge deg inn på verdas finaste Festidalen camp.
Vi lovar tropisk stemning. Det kostar deg nokre papirlappar, men det er nada nix problem. Spør Besto om peng. Billett kjøper du på førehand hos TicketCo.
Har du billett til campen må du veksle den inn i armband på festivalkontoret. Campen opnar torsdag etter kl 15.

KJEM DU SJØVEIEN?

Kjem du sjøveien til festivalbygda? Då ynskjer vi deg velkomne til Uskedalen Båtlag si gjestehamn.
Båthamna ligg midt i bygda og de tek deg toppen 15 minutt å gå opp til festivalområdet.

LAT OSS GÅ HEIM, BABY

Gratis buss i alle himmelretningar frå kl 01.00. Til og med heilt til Odda! Det er ikkje spøk.
Bussane går frå bussplassen nede i bygda, og dei køyrer heilt til alle er trygt heime.
Og du, bussen er inkludert i festivalpasset. High five!

MINDREÅRIGE & VERJE

Festidalen har inga aldersgrense. Mindreårige slepp inn i fylgje med verje. Verje må vere fylt 30 år, og/eller vere forelder til den mindreårige. Verja kan ikkje nyte alkohol medan dei har mindreårige med seg, og må ha oppsyn med den mindreårige til ei kvar tid. Verja må vere tilgjengeleg på telefon medan ein er på og rundt festivalområdet. Brot på kontrakten fører til bortvisning frå området. Ein må fylle ut verjekontrakt ved inngangen. Vi oppmodar om at born forlet festivaljordet før klokka 21. Mindreårige og/eller verje som kjem rusa til Festidalen vil verta avvist. Verjekontrakt fyller du ut i inngangen når du kjem på festivalen.

THE FESTIVAL OFFICE #blinkefjes

Vi tilrår å stikke innom festivalkontoret vårt i Gamleskulen. Her kan du få deg ein kopp kaffi og veksle inn billetten til band. Då slepp du kø i inngangen. Just sayin. Du kan berre veksle inn din eigen billett til armband. Besto må ordne sin eigen.

OPNINGSTIDER:
TORSDAG: 12:00 – 18:00
FREDAG:    11:00 – 17:00
LAURDAG:  11.00 – 15.00

VI BRYR OSS #kjærleik

Rundt om på området finn du noko som ein kallar BOSSPANN.
Ganske fint om du bruker dei, og rydder opp etter deg. Då blir både folk og dyr glade.

SHARING IS CARING

Mor di har nok fleire gonger peika på at det er viktig å dele. Tenk på alle dei i verda som ikkje får med seg Festidalen? Tragisk, men du kan hjelpe til med å dele bilder, snaps og anna på sosiale medier sånn at flest mogleg får sjå kor fint du har det #fd2023?

 

Følg oss på Facebook og Instagram for å få med deg alle oppdateringar.

#ROCK #FJELL #KJÆRLEIK