Vi i Festidalen ynskjer dykk velkomne til festivalcampen og ei fantastisk helg blant Uskedalen og Kvinnherads mektige fjell. Vi skal gjere det vi kan for at de får eit triveleg opphald på campen vår. Som alltid når mykje folk samlast, er det best å ha nokre reglar å styre etter, ver difor snill og les gjennom punkta under.
INFORMASJON TIL DEI AV DYKK SOM YNSKJER Å HA MED CAMPINGVOGN
Campen ligg like nedanfor festivalområde. For å kome seg ned, må ein kjøre ned ein grusveg og over ei bru. Vi anbefaler derfor ikkje dei med store vogner å nytte campen. Ved større vogner får ein problem med svingen ut på brua.
Straum/vatn
Det vil bli lagt ned straum til campområde. Skap for tilkopling vil stå ved brua. Vi har tilgjengelig ein del skøyteleidning, men det kan vera lurt å ta med eigen. Reint vatn finn de i eige område ved campteltet. Det anbefales ikkje å drikke av elva.
Butikk
Sparbutikk ligg på nedsida av riksvegen, ca. 10 min. gåtur frå campen.
Kart
Områdekart med informasjon kjem.
Eigne soner for parkering, campingvogner/bubilar og telt.
Vi kjem til å vera tilgjengelig på campen stort sett heile helga. Om du lurer på noko i forkant, eller under festivalhelga må du berre ringja ein av oss, så skal vi etter beste evne prøva å hjelpa deg.
CAMPINGREGLAR
Skjenkereglar campområdet:
- Norsk lov gjeld. 18 års-grense.
- Du må ha fylt 18 år før festivalen byrjar for å komme inn på festivalcampen.
Følgande er ikkje tillat på campområdet:
- Illegale stoffer slik som narkotika
- Våpen
- Bål er forbode
- Møbler er forbode, campingstoler og bord er OK
- Glasflasker. Toalettartiklar som speil, parfyme og osv. er tillat, og av glas
- Gassflasker, bensin eller anna svært brannfarlig veske. Tennvæske er einaste unntak
- Verktøy som Leatherman, brødkniv og anna campingutstyr er tillete
- NB! Avstand mellom telt og vogner MÅ vera minimum 4 meter. Dette har med brannsikkerhet å gjera.
- Etter kl. 03.00 ber vi om at aggregat slås av, og at musikken dempast. Ulike folk, med ulike behov på campen. Vis omsyn ovanfor dei andre på campen.
- Hjelp oss med å holde området ryddig. Avfall kastes i søppelspann/container. Trenger du søppelsekker, ta kontakt med ein av oss som er fast på campen gjennom helga. Forlat området ryddig. Dyr beiter på bakken, derfor kan knuste flasker o.l. gjera stor skade. Hjelp oss med å unngå dette.
- Førstehjelpsutstyr finn de inne i campteltet. Ved akutt og livstruande skade ring 113.
- Ved brann ring 110. All bruk av open eld er forbode. Brannslukkingsapparat og vatn er plassert like ved campteltet og på to anviste stader på campområdet. Brukte eingongsgrillar må IKKJE kastas i vanleg søppelspann, bruk brannsikkert spann som står ved campteltet.
Spørsmål?
Send ein mail til, post@festidalen.no
Snakkast!