Speletider

Fredag

18:00

Timbuktu

20:00

Beharie

21:10

Michelle Ullestad

22:25

Datarock

23:50

Highasakite

Lørdag

Kurt Nilsen 

17:00

Embla and the Karidotters

18:40

Theodor Lucero

19:50

Nico & Vinz

21:00

Oslo Ess

22:25

Arif

23:50

Arif

Arif – ikonisk hiphopstjerne sparkar inn låvedørene i Uskedalen.

Han har seld ut Spektrum. Mekka hits med Karpe og Stig Brenner. Flekka tenner til polariserande krefter, og smelta hjarter på TV. Og vunne den gjeve P3-prisen. Duden surfar høgt på notidas bølger, og planar rett inn i sommarens soundtrack. Ikkje alle veks opp med rekkverk og redningsvest. Arif har verkeleg måtta tråkka brattare bakkar enn dei fleste av oss. Det har resultert i ei djup og sterk innsikt. Somme stunder ser ein kanskje klårare gjennom tårer enn briller. Og musikken står fram som dønn ærleg og treffande.

Bangers og balladar. Beats og boblande blod. Arif har dei siste ti åra definert den norsken R & B-. og rapscena. Det lir mot ein sukkersøt sommar, folkens!

 

Timbuktu

Timbuktu er tidenes viktigaste og mest populære hiphopartist i Skandinavia. Og no kjem han for å opna fredagen på Fesidalen.

 Han frelste Dønhaug i 2016, og returnerer for å gjera vatn til vin og fylla sure kjeftar med farin. Aldri før har me hatt ei slik opning på festivalhelga!

Konserten i 2016 er ein av dei absolutt feitaste me har hatt i Festidalensoga. Den heng heilt der oppe saman med Maradonna og Muhammad Ali. I år køyrer me perfekt festivalstemning frå første anslag, og så dansar me oss gjennom heile denne to-dagars feelgood-maratonen. Konserten i Uskedalen er ein av særs få konsertar Timbuktu gjer i landet dette året.

Nokon gangar skal ein snu ting og tang på huggu, og klinka til med festen først som sist. Me er utolmodige, og gidd ikkje utsetta stemningstoppen til seine kvelden. Kaka først, så snop og is med kva topping du vil!

Kurt Nilsen

Kurt Nilsen tar med seg både cowboyhatt og eit festbord av hitar når han vitjar Kvinnherad i sommar. 

 

Kurt valsa inn i TV-ruta for vel 20 år sidan, og har sidan opna dørar og vindauge i kvar ein heim. Ja, han har til og  med sklidd ned eit par skorsteinar for å spreia julestemning.

Kurt har fylt radioar, tv’ar, hjarter og svære konsertarenaar. Mannen har i to tiår kokt saman eit festbord av hitar. No kjem han for å slenga nokre ferske låtbiffar på grillen vår. Dette vert mest truleg den einaste festivalen på vestlandet for Kurt i år!

 

Oslo Ess

Oslo Ess headbanger inn sommaren på Festidalen .

 

 

Med sju studioalbum, elleve radiosinglar og tusentals konsertar bak seg, er det umogeleg å ikkje kjenna att lyden av desse rennesteinssjarmørane. Dei har sparka opp dørar, knust vindauge og seld ut klubbar og storsalar over heile landet sidan gjennombrotet i 2010. Og no kjem dei for å samla hordane framfor scena på Dønhaug.

 

For oss pasifistar er dette rett val av ammunisjon. Eksplosivt og inntrengande. Klar tale og taktfast gange. I den verda me bur i no er det fleire som burde lada om frå bly til breibeint rock.

 

Sug i deg gitarar med vreng og feite refreng i Noreg sitt flottaste rocketerreng.

Highasakite

Dei har spikka ut hit etter hit og begeistra by og bygd frå Bremstølen til Bahamas. Highasakite er eit av dei viktigaste banda i landet dei siste 10 åra.

Highasakite gjer ytterst få konsertar i 2024. Likevel kjem dei «heim» til Festidalen. Og sekken bognar over av mjuke og harde låtpakkar. Og showet. Det er magisk som alltid!

Bandet har tatt landet med storm. Allereie med plata, «Silent Treatment,» knuste dei alle rekordar og  dominerte VG-lista i 134 veker. Sidan har dei toppa plakaten til alle landets store festivalar, seld ut arena etter arena, opptredd på Nobelkonserten og turnert verden over fleire gangar. Dei har gjort tv-shows og mekka filmmusikk. Og sjølvsagt vunne så mange prisar at det tyt ut øyra på dei. Alt dette er lett å forstå når du opplever Ingrid Helene Håvik og resten av gjengen live. Massivt og majestetisk. Elegant og effektivt. Deilig og dansbart!

Nico & Vinz

Stinn av rutine og pakka med energi er Nico & Vinz tilbake. For første gong til Festidalen. På høg tid synes me.  

Nico & Vinz har herja amerikanske TV-skjermar gjennom både David Letterman, Ellen Degeneres og Jimmy Fallon. Og tidlegare president Barak Obama henta dei inn til å spela for 20.000 pers utanfor Det Kvite Hus, som einaste ikkje amerikanske artist. Dei har base i L.A. og feite samarbeid både der og her til lands. 

Nico & Vinz bukka fint, rakk ut handa og baud heile verda opp til dans med megahiten «Am I Wrong». Den surfa inn som Topp 10 i over 20 land. Av norske artistar har kun A-ha nådd høgare på den amerikanske hitlista. Med langt over ein milliard strømmingar byr gutane framleis opp til frekke muvs og vill flørting på dansegolvet. Her blir det heftige hofteshakes og herleg halloi!

Datarock

På med hjelmen! Datarock tråkkar pedalen gjennom golvet. Og dryler på med fart, fest og frekke muvs!

Det er ikkje mange som kan matcha CV’en til bergensbandet. Dei har levert meir enn 1000 vanvitige liveshows i 36 land på 5 kontinent. Dei har turnert USA 20 gangar, og toppa det med å spela på Jimmy Kimmel Live. Og ikkje minst, herja storscenar som Roskilde og Coachella. No kjem dei for å setta fyr på Festidalen.

Ingen band i landet tar festen meir på alvor enn Datarock. Det er alltid kuler og krut på scena. Og publikum svarar med eit vanvitig dansegolv.

Michelle Ullestad

Michelle Ullestad

Michelle Ullestad sin fengande pop inntar Uskedalen siste helga i juni. 

 

Dei musikalske stjernene skin sterkt over den vestnorske himmelkvelvinga for tida. Me har hatt ei røys av dei på Festidalen siste åra; Kjartan Lauritzen, Kamara, Gabrielle, Aurora, Lerche, og mange fleire. Men no kjem ei av dei mest spanande på lenge! Michelle Ullestad er ei råsterk popstemma, med noko så unikt som ærlege og reine tekstar. Om både opp- og nedturar. Det er nært, gjenkjenneleg, og deileg dansbart. 

 

«La meg ligge» , «Mozell» og «Pant på hjerter» er alle krutsterke poplåtar som dreg tankar mot Veronika Maggio og Bendik. Men med ein tekstsjarm som overgår alle andre. Sjå opp, denne stjerna blunkar til deg.

Embla & the Karidotters

Embla and the Karidotters piskar fram den søtaste kåntrikremen i landet. Og dynkar den i ein deileg saus av kåbbåihattar, kåbbåiboots og linedans. Sjarm er deira superkraft, og hjarter smeltar i kvar ei bygd dei galopperar gjennom. Hopp på hesten, hopp av på Dønhaug, og hopp i høyet med Embla og gledespreiarane hennar!

 

Beharie

Beharie

Det råaste R’n’B- og soul-talent i landet er utan tvil Beharie. Det er silkemjukt og skjelvande vakkert. Det er deilege, slentrande låtar som smyg seg inn under sommarskjorta.

 

På menyen står kjærleiken sin evige ambivalens, servert med sjarme shorts og badeball. Beharie går på scena rett etter Timbuktu, og dreg oss enda lenger inn i den varme junikvelden. Det er rett og slett fagert og fordømt fint.

 

Når Beharie tar steget fram til mikrofonen skjer det noko. Vinden løyar. Stuten slutar å tygga. Og naboen slepp den kvinande saga. Og du, du får lyst å hiva deg på hesteryggen og ri til husa forsvinn og naturen slukar deg opp saman med stemma til søtnosen frå Sandnes. På Festidalen er ein moden artist som bognar over av vellyd.

Theodor Lucero

Theodor Lucero er skapt for scene og rampelys! Me er sikre på at han kjem til å bli ein suksess på Festidalen. 
Dette er ein artist som kjem til å smelte mange nye hjarter i sommar. 
Med eit band så energisk at gatelykter og lyskryss konka ut i mils omkrins, triumferte storsjarmøren Theodor Lucero fremst på scenekanten under årets 100 Dagar. Bransjefolk og publikum vart umiddelbart reduserte til hakeslepp og tallerkenauger. Applaus og gjedeshyl pip framleis i øyra. Haugesundaren Theodor Lucero tok sats og landa øverst på pallen. Og raska då elegant med seg vestlandssatsinga 2024. Me gler oss til å oppleva han på Festidalen til sommaren.