Nysirkus

Drøymer du om å bli sirkusartist? Dyktige Nyirkus Pilar frå Oslo kjem til festidaGen for å gje deg eit levande og morosamt kurs. Trening på sirkusteknikkar gjev deg betre koordinasjon, kroppskontroll, refleks og balanse. Nysirkus Pilar trollbind liten og stor med si avanserte sjonglering, halsbrekkande akrobatikk, spektakulære flammeshow, morosame klovneførestillinger og høge menn. Det vil bli gitt undervisning i: Akrobatikk, Line, Luftakrobatikk, Sjonglering og Stylter. I år har dei med seg endå meir utstyr! Under FestidaGenshowet på laurdag får ein vise fram det ein har lært, om ein vil.

Leiar; Nysirkus Pilar
Alder; 9-12 år 1 gruppe, maks 15 stk pr gruppe. 13-18 år, 1 gruppe, maks 15stk pr gruppe.
Stad; Uskedalen aktivitetshus (Hallen)
Tid: Torsdag kl.14-16 (9-12år) og kl. 17-19 (13-18år)
       Fredag kl.9-10 (9-12år) og kl.10-11 (13-18år)
       Lørdag kl.9.30-10.30 (9-12) og kl 10.30-11.30 (13-18)
Pris; 200kr (gratis for13-18år med dagpass)