Danko Jones

DJbilete

Danko Jones har sugd til seg rockehjarter verda over. Dette er bøllete, feststemt rock som får fram sveitten og tømmer tønnene i baren. Trioen har turnert med gigantar som Guns N’ Roses, Ozzy Osbourne, The Rolling Stones, Volbeat og Motörhead. Danko Jones er verdskjende for sine intense shows og deilege galskap. Musikken er t
ufta på ville damer og ville menn med mykje på hjarta og mykje i glaset. Danko er ein dude med kronisk (over)tenning og eit sinn så stinn av speleglede at du gir blanke i kva naboen tenker og pælmar skjorta. Oh Lord, Danko i dalen blir minnerike greier.