24. mars 2024

Beharie med silkemjuke tonar til Festidalen

Det råaste R’n’B- og soul-talent i landet er utan tvil Beharie. Det er silkemjukt og skjelvande vakkert. Det er deilege, slentrande låtar som smyg seg inn under sommarskjorta. På menyen står kjærleiken sin evige ambivalens, servert med sjarme shorts og badeball. Beharie går på scena rett etter Timbuktu, og dreg oss enda lenger inn i den varme junikvelden. Det er rett og slett fagert og fordømt fint.

Bookingsjefen vår har lenge hatt Beharie på radaren: – Når Beharie tar steget fram til mikrofonen skjer det noko. Vinden løyar. Stuten slutar å tygga. Og naboen slepp den kvinande saga. Og du, du får lyst å hiva deg på hesteryggen og ri til husa forsvinn og naturen slukar deg opp saman med stemma til søtnosen frå Sandnes.
– Eg har hatt auger og øyrer på Beharie sidan 2019. Og booka han til bransjetreffet 100 Dagar i 2020. Han har representert reinspikka kvalitet frå første låtslepp. Det du no kjem til å oppleva på Festidalen er ein moden artist som bognar over av vellyd, uttalar Daidalos.