Oslo Ess til Festidalen 2024
22. februar 2024

Oslo Ess headbangar inn sommaren

Med sju studioalbum, elleve radiosinglar og tusentals konsertar bak seg, er det umogleg å ikkje kjenna att lyden av desse rennesteinssjarmørane.For oss pasifistar er dette rett val av ammunisjon. Eksplosivt og inntrengande. Klar tale og taktfast gange. I den verda me bur i no er det fleire som burde lada om frå bly til breibeint rock. Dei har sparka opp dørar, knust vindauge og seld ut klubbar og storsalar over heile landet sidan gjennombrotet i 2010. Og no kjem dei for å samla hordane framfor scena på Dønhaug.

Sug i deg gitarar med vreng og feite refreng i Noreg sitt flottaste rocketerreng. For oss pasifistar er dette rett val av ammunisjon. Eksplosivt og inntrengande. Klar tale og taktfast gange. I den verda me bur i no er det fleire som burde lada om frå bly til breibeint rock.