Datarock
27. mars 2024

Datarock dryler til på Festidalen

På med hjelmen, Datarock tråkkar pedalen gjennom golvet. Og dryler på med fart,  fest og frekke muvs! Det er ikkje mange som kan matcha CV’en til bergensbandet. Dei har levert meir enn 1000 vanvitige liveshows i 36 land på 5 kontinent. Dei har turnert USA 20 gangar, og toppa det med å spela på Jimmy Kimmel Live. Og ikkje minst, herja storscenar som Roskilde og Coachella. No kjem dei for å setta fyr på Festidalen.

– Altså, det er ingen band i landet som tar festen meir på alvor enn Datarock. Det er alltid kuler og krut på scena. Og publikum svarar med eit vanvitig dansegolv.