Michelle Ullestad
3. mars 2024

Michelle Ullestad set farge på festivalhimmelen i Uskedalen

Dei musikalske stjernene skin sterkt den vestnorske himmelkvelvinga for tida. Me har hatt ei røys av dei på Festidalen siste åra; Kjartan Lauritzen, Kamara, Gabrielle, Aurora, Lerche, og mange fleire. Men no kjem ei av dei mest spanande på lenge! Michelle Ullestad er ei råsterk popstemma, med noko så unikt som ærlege tekstar. Om både opp- og nedturar. Det er nært, gjenkjenneleg, og deileg dansbart. «La meg ligge» , «Mozell» og «Pant på hjerter» er alle krutsterke låtar som dreg tankar mot Veronika Maggio og Bendik. Men med ein tekstsjarm som overgår alle andre. Sjå opp, denne stjerna blunkar til deg. 

Bookingsjefen vår meiner:

Michelle Ullestad er ein artist med galopperande kjensler. Nokre gangar rir ho kjenslene, andre gangar let ho kjenslene halda taumar og pisk. Sånt blir det brunstig musikk av! Ho blei nett nominert til i den gjeve Spelemanns-kategorien «Årets låtskrivar.» Og det er det pokker ikkje vanskeleg å forstå! Det er forsiktig, men intenst. Og sårt, men festleg. Men mest av alt er det fullt av hjarta og musikkglede. Det er frigjerande ærleg! Eg elskar når tekstforfattarar vågar å tråkka så nært opp i seg sjølve. Smarte refleksjonar, og så open om alt at ein touchar det naive. Der ligg genialiteten. Det er ein meir utfordrande balansekunst enn kanskje folk er medvitne om.