20. juli 2017

Artistprat med Hjerteslag

Det blir laidback stemning i båthuset i Uskedalen når Brak kjem for å slå av ein prat med bandet Hjerteslag, torsdag, 3.august.
Hjerteslag er blant dei som skal auka pulsen på Festidalen dagen etter. 
Vi inviterer musikkinteresserte til å både høyra på og delta i drøsen, som startar 17.30.
Lurer du på korleis vegen deira har vore frå den spede byrjing i 2011 til i dag? Kva dei tenkjer om sosiale medier?
Om kva dei puttar på raideren sin? Lurer du på kven Sonja er? Om korleis dei jobbar frå ide til ferdig materiale? Er du blodfan av bandet og treng ein autograf?
Om det luskar eit album nr. 3 i horisonten? Vil du snika deg til ein prat med blide bransjefolk? Eller kanskje med ein av artistane på Lambasleppet 2017?
Då er dette din time.
Grunna avgrensa plass ønskjer me påmelding til arrangementet, som forøvrig er utan aldersgrense og med gratis inngong – som den følgjande konserten kl. 19.00.
Påmelding til Artistprat med Hjerteslag skjer til epost; lambasleppet@festidalen.no
Brak
Brak er eit kompetansesenter for alle som driv med musikk i Hordaland og Sogn og Fjordane. Organisasjonen fungerer som ein døropnar, rettleiar og bindeledd som løftar alle aktørar innan musikkfeltet til neste nivå.
Festidalen er glade for å ha ein slik aktør med på laget i denne delen av Lambasleppet, som i hovudsak fokuserer på kompetanseheving for dei unge artistane som står på scena i båthavna same kveld, men også for øvrige musikkinteresserte sambygdingar.
Stunda er uhøgtideleg, med rom for å læra noko nytt om bransjen, bli inspirert og byggja nettverk.
Hjerteslag

Hjerteslag lener seg deileg på britisk indie og amerikansk rock. Vokalist og låtskrivar, Robert Eidevik, er ein forbaska karismatisk og engasjerande frontfigur, og bandet er solid som betong.

Hyllesten av bandet er unison i det samla norske pressekorps. Absolutt alle kritikarar gav deira andre album ”Vannmann86” terningkast 5, deriblant Aftenposten, VG, Dagbladet og BT.

I tillegg vart plata kåra til nest beste norske album av Dagbladet i 2016, og låten ”Sang til Sonja” til beste låt! Festidalen trur dette vert eit av årets absolutte høgdepunkt.

Lambasleppet

Sidan 2015 har Lambasleppet fungert som Festidalen si årlege fesjå for unge og ambisiøse musikarar frå regionen. Målet er å etablera eit retteleg kulturbeite som kan fungera som kraftfor for eksisterande band og motivera andre til å starta opp.

I tillegg til å tilby ei scene til desse dyktige ungdommane, vert det også satsa på kompetanseheving, nettvekrsbygging og andre motivasjonsfaktorar; som tildeling av Festidalenstipendet, vidare spelejobb på 100 dagar og tre dagar i ABC Studio i Etne.