5. juni 2017

FestidaGen 2017

Ein må melde seg på på førehand, og ein kan melde seg på fleire grupper. (obs! der det er ei gruppe går den over fleire dagar!)
Her er det «første mann til mølla» som gjeld, så ikkje nøl med å melde deg på allereie no. All påmelding skjer via festidalen si nettside; www.festidalen.no
Påmeldingsfrist; 20 juli. Du får tilbakemelding innan ei veke etter dette. Betaling for gruppene skal gjerast i vestibylen på Uskedalen skule. Her betaler ein for gruppene ein er med på. Deltek ein på fleir grupper, er makspris kr. 300.
FestidaGen-Showet er på lørdagen. Her får ulike grupper visa seg fram og det er «duka» for Småstjerner.

ALDERSGRUPPE 1:

  1. CHARACTER DESIGN

Frå teikning til 3d. Har du eit ynskje om å skapa ditt eige vesen? Har du eit klart bilete av noko som brenn etter å få bli teikna og forma? Bli med kunstnaren i Espens vesle verden, og lag dine eigne kreative karakterar i leira. Du skal fyrst konstruera dei på papir, for så å forma dei.

Leiar; Espen Attramedal
Alder; 12-18 år, 1gruppe, maks 15 stk.
Stad; Uskedalen skule
Tid; Torsdag kl. 10.30-13.00
Fredag kl. 10.30-13.00
Pris; 200kr (gratis for13-18år med dagpass)

  1. MAKEUP & HAIR (BY MATHILDE)

Har du lyst til å læra deg nokre gode sminketips, og ulike flette-teknikkar, er dette gruppa for deg. Mathilde er levande opptatt av, og interessert i sminke og hår. Ho jobbar på Saxen frisør på Stord, og er og forhandlar for Forever Living Products. Ho er dyktig i begge desse faga. Her får du altså muligheit til å sminka deg sjølv, og å laga dei finaste flettene i ditt eige eller andre sitt hår. Dei som kjem vil læra:

Dag 1: Grunnleggande kvardags- og festsminke.  – Ta med deg den sminken du har
Dag 2: Ulike flette-teknikkar (hår)

Leiar; Mathilde Petterson Mikkelsen
Alder; 13-18 år, 1 gruppe, maks 6 stk.
Stad; Uskedalen skule
Tid; Torsdag kl.13-15.
Fredag kl. 13-15.
Pris; Pris; 200kr (gratis for13-18år med dagpass)

  1. FESTURANTEN;

Hugsar du forfattaren som kava seg gjennom hinderløypa under Festitaren i fjor? No er han tilbake på Festidalen–programmet, men denne gongen i meir komfortable omgjevnader. Til årets festival har Anders kvessa kokkeknivane, og er klar for å læra vekk dei beste kokketriksa sine. I tillegg til å vera forfattar, er nemleg Anders utdanna kokk. I tillegg til matspalta Digg, skriv han om matauk på bloggen «Frå Hage til Mage.» På denne gruppa får du læra deg å laga ei rekke smaksrike og overraskande rettar, og nokre av oppskriftene vil bli tatt ut i frå den rykande ferske kokeboka til Anders. Spanande! Dagen blir avslutta med at deltakarane får invitera med seg 2 seniorar kvar, som får seg ei oppleving smakslaukane seint vil gløyma.

Leiar; Anders Totland
Alder; 12-18 år, maks 12stk.
Stad; Helgheim kjellaren
Tid; Tors kl.13-19 (Lunsj inkludert)
Pris; 200kr (gratis for13-18år med dagpass)

  1. REDESIGN;

Dette er gruppa for deg som er kreativ og idérik, og som liker mote og klede. Redesign er «inn» og ein sparer miljø og pengar. På denne gruppa lærer du deg å sy nye designplagg av gamle klede. Det handlar om å sjå moglegheita i det ein har. Du må ha jobba litt med symaskinar frå før, men vil få god hjelp frå kyndige instruktørar. Under FestidaGenshowet på laurdag får ein visa fram plagga i eit lite moteshow (om ein vil).

Leiar; Beate Solem Røssland m.fl.
Alder; 11-18år 1gruppe, Maks 8 stk.
Stad; Uskedalen skule
Tid; Torsdag kl.15-19 og Fredag kl. 11-15 (Lunsj inkl.)
Pris; 200kr (gratis for13-18år med dagpass)

ALDERGRUPPE 2:

  1. MARIMBA-WORKSHOP

Liker du energiske rytmar og å drauma deg vekk til Afrika? Då er dette gruppa for deg. Her får du nemleg spela på ekte marimbaer frå Zimbabwe. I 2015 flytta Mauricio frå Brasil til Kvinnherad. No jobbar han i Kvinnherad Kulturskule. Der underviser han i el.gitar, band, trommer og marimba. Denne mannen speler alt frå klassisk musikk til heavy metal i band. Han er eit ekte multitalent. Maurizio tek med seg 5 marimbaer til Uskedalen, og du får bli med i eit marimbaorkester. Gjer deg klar for heftige rytmar og ekte musikkglede. Under festidaGenshowet på laurdag får ein vise fram det ein har lært, om ein vil.

Leiar; Mauricio Weimar
Alder; 10-12 år, 1 gruppe, maks 5 stk
13-18 år, 1 gruppe, maks 5 stk
Stad; Uskedalen skule
Tid; Torsdag: 12.00-13.30 (10-12 år), 14.00-15.30 (13-18 år)
Fredag: 12.00-13.30 (10-12 år), 14.00-15.30 (13-18 år)
Pris; 200kr (gratis for13-18år med dagpass)

  1. BREAKDANCE/HIPHOP

Liker du å vera «hip»? Vert du hoppande glad av å dansa? Då er vel ein workshop med hiphop og kule gutar noko for deg. I august kan DU få gleda av å henta inspirasjon og læra kule moves av eit ekte danse-crew. I 2012 kom Mixmaster Cru frå Bergen til semifinalen i Norske Talenter. Denne sommaren kjem dei til Uskedalen på FestidaGen for å halda dansekurs og danseshow. Hiv på deg dei kulaste danseskoa. Her må du vera rask for å få plass!

Leiar; Mixmaster Cru
Alder; 9-12 år og 13-18 år. Max 12 stk i kvar gruppe.
Stad; Helgheim (oppe)
Tid; Lørd. 9-10.20 (9-12 år) og 10.40-12.00 (13-18 år)
Pris; 100kr (gratis for13-18år med dagpass)

  1. SJAKK-I-DALEN

Er du mellom 7-14 år, og interessert i sjakk? Då kan denne gruppa vera noko for deg! I år vil me nemlig ha eit innslag med sjakk under FestidaGen. Kanskje kan det bli starten din på veg mot å bli den neste Magnus Carlsen? Kven veit? Torsten Monsen skal leia denne gruppa, og vil læra deg litt om taktikk og strategi. Denne gruppa passar for både nybyrjarar og vidarekomne.

Leiar; Torstein Monsen
Alder; 7- 14 år, maks 8 stk.
Stad: Uskedalen skule
Tid; Onsdag 16-20 (bare denne gruppa er om onsdagen)
Pris; 100kr (gratis for13-18år med dagpass)

  1. NYSIRKUS

Drøymer du om å bli sirkusartist? Dyktige Nyirkus Pilar frå Oslo kjem til festidaGen for å gje deg eit levande og morosamt kurs. Trening på sirkusteknikkar gjev deg betre koordinasjon, kroppskontroll, refleks og balanse. Nysirkus Pilar trollbind liten og stor med si avanserte sjonglering, halsbrekkande akrobatikk, spektakulære flammeshow, morosame klovneførestillinger og høge menn. Det vil bli gitt undervisning i: Akrobatikk, Line, Luftakrobatikk, Sjonglering og Stylter.

Under festidaGenshowet på laurdag får ein vise fram det ein har lært, om ein vil.

Leiar; Nysirkus Pilar
Alder; 9-12 år 1 gruppe, maks 15 stk pr gruppe.
13-18 år, 1 gruppe, maks 15stk pr gruppe.
Stad; Uskedalen aktivitetshus (Hallen)
Tid: Torsdag kl.14-16 (9-12år) og kl. 17-19 (13-18år)
Fredag kl.9-10 (9-12år) og kl.10-11 (13-18år)
Pris; 200kr (gratis for13-18år med dagpass)

  1. YOGASPRELL

Yoga er ikkje lenger ei treningsform bare for vaksne. No får og barn muligheit til å bli kjent med kropp og sjel gjennom dei urgamle øvingane frå Østen. Signe Schineller kjem til FestidaGen, og skal ha yoga med barn. Ho jobbar som interiørstylist, journalist, underviser i yoga og fotograferer. Ho er varm, dyktig og har mykje positive energi med seg, så har du lyst til å vera med å ein aktiv yogatime, med leik og kjekke øvingar, og avspenning til slutt, så meld deg på!
Barneyoga er ei prestasjonsfri sone. Barna skal få leika, læra, lytta og vera akkurat slik dei er.

Leiar; Signe Schineller
Alder; 6-9 og 10-12, To grupper
Stad; Helgheim (Oppe)
Tid; Fredag : 11.30-12.15, 10-12 år, maks 10 stk.
12.45-13.30, 6-9 år, maks 10 stk.
Pris; 100kr

ALDERGRUPPE 3:

  1. MINI-NYSIRKUS

På denne gruppa får dei minste komma å sjå og prøva seg på ulike sirkusteknikker. (Sjå info om Nysirkus gruppa for eldre barn)

Leiar: Nysirkus Pilar
Alder: 6-8 år, maks 10 stk
Stad; Uskedalen aktivitetshus (Hallen)
Tid: Torsdag kl.12.30-13.30
Pris; 100kr

  1. DRAUMEFANGAR

Ein draumefangar er ein gjenstand som vart funne opp for å hengja opp ved sida av senga. Hensikta med den var å fanga vonde draumar og mareritt. Saman med oss i FestidaGen skal du få laga din eigen personlige draumefangar. Du får nytta dine kreative evner, og me vil blanda gjenstandar frå naturen med fargerike fjær, perler og tråd. Hugs å ha på klede som tåler å få maling/lim på om det skulle forkome.

Leiar; Gina Ness Valvatna og Tone Huse Kristoffersen.
Alder; 5-8 år, 2 grupper, maks 6 pr. gruppe
Stad; Uskedalen Skule
Tid; Torsdag kl.14.00-15.30 og kl.16-17.30 (5-8 år) (Gruppetid vert tildelt etter påmelding)
Pris; 100kr

  1. INSTRUMENTBYGGING

Elskar du å laga lyd? Har du ein draum om å fylla huset med instrument, så bli med Gørill og lag dine eigne instrument. Du får og muligheita til å vera med å ha eit musikalsk og herlig lyd-show på FestiDagen-showet på lørdagen viss du vil. Kle deg etter veret. Denne gruppa skal vera både inne og ute.

Leiar; Gørill Skeie Sunde
Alder; 5-8 år, 2 grupper. Maks 10 stk. pr. gruppe.
Stad; Stemneplassen (ved sida av bedehuset)
Tid; Torsdag: 10.00-12.00 (5-6 år med foreldre)
Fredag; 10.00-12.00 (7-8 år)
Pris; 100kr

  1. SMÅSTJERNER

Dette er konkurransen for deg mellom 0-12 år som likar å stå på scenen og syngja fengande songar, anten det er playback eller live. Ta gjerne med deg ein venn eller fleire og opptre saman. Det blir flotte premiar til alle. Meld deg på via påmeldingsskjemaet på www.festidalen.no

Alder; 0-12år (om du er fødd i 2004 er du for gamal)
Stad; i aktivitetshuset/hallen
Tid; vi kjem tilbake med tidspunkt.