8. august 2016

Festidalen 2016 – eit høgdepunkt og ein milepæl.

Festidalen er eit resultat av eit heilt lokalsamfunn som lyftar i flokk. Frå heile kommunen strøymar det velvilje og god energi som samlar seg første helga i august på eit jorde i Uskedalen til det som vert kalla Festidalen. Utan denne energien ville det vore uråd å arrangere eit så stort arrangement i ei så lita bygd.

Festidalen 2016 markerar både eit høgdepunkt og ein milepæl. For fem år sidan starta vi planlegginga av Festidalen si utvikling, vi ville skape ein festival som var ein breid kulturfestival for alle, med ein tydeleg musikalsk profil. Dette har vi klart. Vi ville skape ein festival som kunne ta imot 2500 gjester pr kveld. Dette har vi klart. Vi ville danne ein organisasjon som kunne sikre kontinuitet og ei profesjonell planlegging og gjennomføring. Dette har vi klart, med 70 personar fordelt på 20 ulike grupper med kvar sine ansvarsområde. Vi ville tydeleggjere den lokale forankringa og byggje sterkare identitet knytt til festivalen. Dette meinar vi å ha klart.

Tusen milliardar takk til alt og alle som har bidrege til å realisere årets festival.
Takk til dei frivillige som stiller opp når Festidalen kallar, dei er våre heltar og vi elskar kvar og ein av dei.
Takk til våre sponsorar som har trua på festivalen og som vil gjev oss både tryggleik og inspirasjon til å halde fram.
Takk til bygda Uskedalen og spesielt til Dønhaug gjestegard som gjev oss både hjarterom og husrom.
Takk til artistane for fantastiske konsertar og takk for overveldande gode tilbakemeldingar.
Takk til publikum som syner heile verda korleis 2500 mennesker kan samlast på eit jorde og la kjærleiken flyte