5. juni 2017

Festidalen Camp

Vi i Festidalen ynskjer dykk velkomne til festivalcampen og ei fantastisk helg blant Uskedalen og Kvinnherad sine mektige fjell. Kven kan tilby overnatting på dei grønaste bakkane i landet? Jo, vi kan det! Men ikkje nok med det; vi plasserer likegodt campen ved ei idyllisk lakseførande elv som svingar seg nedover dalen. Her kan gjestene ta seg ein forfriskande dukkert i kulpen, slik at ein er klar for ny konsert på 1-2-3.

Festidalen-4

Campen kan ta imot opp til 400 gjester. Her kan du ta turen sjølv, eller med bror, syster, kjæreste, sambuar, ektefelle, vener og bekjente. Vi skil ikkje mellom folk, alle er velkomne. Likesinna finn du garantert blant telt og vogner. Gidd ikkje bære telt, koffert, sekk og Festivaljakka ned til campen seier du? Då kan vi gleda deg med at her køyrer du til døra, eller teltet om du vil.

Folk som bur hjå oss er glade i musikk. Sjølvsagt! Difor tek dei med ofte med seg mormor sitt gamle popanlegg. Det er sjølvsagt i orden. Vår enkle, men koselige camp har jo og straum tilgjengelig. Ta med ein skjøteledning for sikkerhets skuld, så er du garantert lyd.

Festidalen 2015-9

Vi gler oss veldig til å ta imot festivalfolket. Om du kjem i bubil, med campingvogn, telt eller bil finn vi ein grøn lapp til deg på jordet. Pass berre på å tinge plass på førehand. Det gjer du sjølvsagt på TicketCo. Det er så kjapt og enkelt. I løpet av helga går det tre karar og ruslar rundt på campen. Målet deira er at helga på campen vert ei god og trygg oppleving. Grip fatt i dei om det skulle vera spørsmål og ta gjerne kontakt på førehand om det skulle vera noko de lurer på. Snakkast!

Kjærleik frå gutane på campen <3